Medaljefangst i UM 2026

Stafettlaget til Møre og Romsdal tok gull under kretsstafetten j17-19år.

Medaljefangst i UM 2026

10. september 2026

anita.almestadkristiansen@friidrett.no

Møre og Romsdal stilte med 22 utøvarar frå klubbane:

Straumsnes, Dimna, Norodd, Ørsta, Hareid og Surnadal. 

kretsstafettlaget til Møre og Romsdal j17-19år tok gull på 1000m stafett. På laget var: Eline Starheim Lundmoen, Anna Maria Kostaris, Åse Camilla Dyb og Anna Maria Pilskog Bitocchi.

I tillegg reiste vi heim med 2 individuelle gull tillegg til Sigve Holten i kule g18-19år, og Madelene Almestad i tresteg j16år. 

Sigve Holten tok i tillegg to sølv i diskos og slegge g18-19år.

Vi tok også 5 sølvmedaljar: Sara Solli Sæther j16 på 100m og 80m hekk, i tillegg til ein 3 plass på 200m.

Runar S Ervik tok sølv på 400m og sølv på 400m hekk for g18-19år. 

Åse Camilla Dyb tok ein bronse på 200m j18-19år. 

Elise Starheim Lundmoen tok ein bronse i lengde j17år. 

Meisterskapet vart arrangert på Bærum idrettspark frå 11. til 13.september 2026. Det var heile 659 påmeldte utøvarar. Kretsen gratulerer alle! 

UM2026 – Velkommen til Ungdomsmesterskapet i friidrett 11. til 13. september 2026

Tidsskjema med noen justeringer – UM2026

UM 2026 - Frisys Live