Semifinale i Skulecup Tingvollhallen 2025/2026

Semifinale i Skulecup Tingvollhallen 2025/2026

Tingvollhallen var onsdag full av idrettsglade elevar og lærarar frå ulike skular rundt om i Romsdal og Nordmøre. Dei var samla til årets semifinale i skulecup i friidrett.

27. november 2025

anita.almestadkristiansen@friidrett.no

Onsdag 03.12 var det duka for årets happening i Tingvollhallen.

Skulecup i Tingvollhallen – Semifinale for 6.–10. trinn

Elevar frå skular i Romsdal og Nordmøre møttest til semifinale. Både jenter og gutar frå 6. til 10. klasse konkurrerte i 40 meter, kule og lengdehopp.

På førehand hadde skulane sendt inn eigne resultat, og kretsen plukka ut dei sterkaste tidene og lengdene til semifinalen. I hallen var det full fart frå start til slutt – med engasjerte elevar, støttande lærarar og ikkje minst god hjelp frå elevar og lærarar ved Tingvoll vidaregåande skule.

Saman skapte vi ein flott dag med god stemning, mykje latter, litt sommerfuglar i magen – og ikkje minst mange imponerande prestasjonar.

Tusen takk til alle som bidrog og gjorde dagen heilt topp for både deltakarar og publikum.

Vi sjåast i Molde i slutten av april til finalen.

Friidrett er gøy!

40m NORD.pdf

Kule NORD.pdf

Lengde NORD.pdf