Rekordoppslutning om storsamlinga i Ulsteinhallen
I helga var det storsamling i Ulsteinhallen for utøvarar frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Det var rekord mange og heile 97 stk utøvarar som deltok på to dagers samlinga i regi av kretsen.
27. oktober 2025
anita.almestadkristiansen@friidrett.noVi hadde ei kjempehelg i Ulsteinhallen med rekordstor oppslutning! Masse flott ungdom frå 12 år og oppover frå heimekretsen deltok. Det var to dagar med to økter på bana kvar dag, pluss felles lunsj og foredrag med Anna Demydova- Bråttvik, hotellovernatting, taco-buffet, sosialt på kvelden.
Eit nytt opplegg, Team Match, vart prøvd ut for 12–13-åringane.
Dette er eit spennande lagkonsept med mål om at det skal vere gøy å konkurrere. Ved å konkurrere saman som eit lag skapar ein fellesskapskjensle og utøverane heiar kvarandre fram.
Team Match er en lagkonkurranse der utøverane konkurrerar i kvar sin øvelse før dei avsluttar med ein felles jaktstart-stafett. Dette gav meirsmak var det mange som sa.
Ei verkeleg minnerik helg for alle som var med.
Stor takk til foreldre, klubbtrenarar og kretstrenarar som stilte opp – utan dykk hadde dette ikkje gått!
Vi ser fram til fleire samlingar utover haust og vinter sessongen.