
Dimna-bautaen Olav Hansen har gått bort. Det er slik han vil bli hugsa; smilande, i Dimnatrøye. Dette er det siste biletet lokalavisa tok av Hansen, i Ulsteinhallen 17. november. Foto: Linda Eikrem
Olav Hansen er død
Ei trist melding til friidrettsvenner i Møre og Romsdal ved inngangen til julehøgtida: Dimna-legenda Olav Hansen døydde søndag, 81 år gammal.
23. desember 2024
Bente.Krakeli@friidrett.noSå seint som torsdag var han på plass i Ulsteinhallen der han ettersåg utstyret, for å tilrettelegge for aktivitetane. Slik han har gjort utallige gongar sidan han var med å starte Dimna IL i 1974 - for 50 år sidan.
Olav kjem eigentleg frå Ås, vertskommunen for Norges Landbrukshøgskole, ( noverande Norges miljø- og biovitenskaplige universitet)•
Ein formidabel innsats for friidretten i Dimna IL har for lengst gitt han legende-status og han har èin god del av æra for at laget i mange år har vore eit kraftsentrum for friidrett i Møre og Romsdal.
Han møtte som utsending for Dimna IL på kretstinget for 49 år sidan og kom fort med i kretsstyret. Gjennom åra hadde han ei rekke oppgåver på kretsnivå før han etter tusenårsskiftet vart kretsleiar i samanslegne Møre og Romsdal friidrettskrets til saman sju år - fordelt på to bolkar.
Olav Hansen vart i 2015 tildelt friidrettsforbundets fortjenestemedalje - Det er vår høgaste anerkjenning for administrativ innsats og den går til èin bauta i Møre og Romsdal, der han mellom mykje anna har vore kretsleiar, sa dåverande forbundspresident Svein Arne Hansen under medaljeutdelinga.
Under jubileumsfesten for Dimna IL tidleg i november vart Olav Hansen saman med Arve Hatløy utnemnd til lagets første æresmedlemmer.
Olav Sindre Rise, Kretsleiar Møre og Romsdal Friidrettskrets
Foto: Jørund Follestad, Vikebladet Vestposten