Medaljefangst i innandørs NM i helga

NM innandørs. Medaljevinnarar Fride Møller Flatin (Dimna), Elise Hoel Ulseth (IL Norodd) og Borghild Holstad (Hareid IL). Fotograf: A.H

Medaljefangst i innandørs NM i helga

NM innendørs i Gneist Arena i Bergen er over. Møre og Romsdal friidretskrets gratulerer alle frå kretsen som har delteke og spesielt til dei som fekk med seg medaljer heim.

02. mars 2026

anita.almestadkristiansen@friidrett.no

Kretsen gratulerer Fride Møller Flatin med NM gull på 3000 m kappgang. Fride fekk tida 13.41,83. Ho forbetra sin årsbeste med 10 sek.

Det har også blitt to andre NM medaljar til Møre og Romsdal. Elise Hoel Ulseth frå Norodd tok gull i høgde. Ho forsvarte fjorårets siger og er Noregesmester 2 år på rad. Vi gratulerer også Borghild Holstad frå Hareid som sprang inn til ein bronse på 400 m. 

Vi gratulerer herrelaget til Dimna IL med NM bronse på 4x200 m stafett. På laget var: Runar Ervik, Snorre Sliper Bonesmo, Kristoffer Hagen Skoge og Noah Merheb. Dei sprang inn til siger i sitt heat og bronse totalt.

Flotte resultat også til andre ifrå kretsen som stilte under helgas innandørs NM. Vi er stolte av alle saman!

 

Arrangørens nettside

Startlister og resultater

 

Fredag

Lørdag

Søndag