Ein minnerik dag på Sunnmøre – opninga av Karsten Warholm stadion!

Ein minnerik dag på Sunnmøre – opninga av Karsten Warholm stadion!

Opning av Karsten Warholm stadion med over 2000 stk. på tribuna.

03. oktober 2026

anita.almestadkristiansen@friidrett.no

For ei veke sidan var vi vitne til ein fantastisk dag i Ulsteinvik! Opningsstemnet på Karsten Warholm stadion samla eliteutøvarar i ulike øvingar, og flinke lokale utøvarar fekk prøve seg mot dei beste, og det var mange føreøvingar for både store og små.

Med over 2000 personar på tribuna vart det ei heilt spesiell ramme då sjølvaste Karsten Warholm sprang Olav Hansen-minneløpet. Publikum heia fram utøvarane og skapte ei stemning ein seint vil gløyme!

Dagen vart også ekstra spesiell då Amalie Ijul sprang sitt siste løp før ho no legg piggskoa på hylla. ❤️ Takk for innsatsen og alle dei flotte opplevingane!

Mange utøvarar frå Møre og Romsdal friidrettskrets stilte til start, og for fleire vart det også høve til å sikre seg ein autograf eller to og ein selfie med nokre av dei store friidrettsprofilane. Eit minne for livet! 📸✍️

Ei stor bragd av Dimna IL Friidrett å skape eit slikt arrangement og gi både publikum og utøvarar ei oppleving utanom det vanlege. Dette set Sunnmøre på friidrettskartet! 👏💙

Tusen takk for ein fantastisk dag – og gratulerer med ein flott stadion og eit vellukka opningsstemne! 🏆

Her ligger resultata frå dagen:

Forøvelsar opningstemne Karsten Warholm stadion - Frisys Live

Opningstemne Karsten Warholm Stadion - Frisys Live