Dimna IL inviterer til UM i Ulsteinhallen 31. januar – 2. februar

Bilder Dimna IL/Jens Ringstad

Dimna IL inviterer til UM i Ulsteinhallen 31. januar – 2. februar

UM er det næraste du kjem eit norgesmeisterskap for ungdom mellom 15 og 22 år og er det største friidrettsstemnet i Norge i innandørssesongen.

24. januar 2025

Bente.Krakeli@friidrett.no
Share on XShare on FacebookShare on LinkedInShare via Email

Dimna IL arrangerer innandørs Ungdomsmeisterskap (UM) i friidrett i Ulsteinhallen 31. januar – 2. februar

Mesterskapet sine nettsider med all informasjon finner dere her; NM Dimna

Fakta om UM i friidrett

UM er det næraste du kjem eit norgesmeisterskap for ungdom mellom 15 og 22 år og er det største friidrettsstemnet i Norge i innandørssesongen.

Det er påmeldt ca 460 deltakarar og 30 stafettlag. Totalt 1030 startar. Dette er omlag like mange som sist Dimna IL arrangerte UM i 2023. Deltakarane kjem frå heile landet og dei beste i landet i dei ulike klassene er påmeldt.

Møre og Romsdal er godt representert med 31 deltakarar. Flest er det frå Dimna (11), men Hareid (5), Ørsta (4), Sunndal (4), IL Norodd (3), Tingvoll (2) og Surnadal (1), Molde Olymp (1), Straumsnes (1) er også på plass.

60+m+hekk+menn.jpg

Bilder Dimna IL/Jens Ringstad

Ringverknader

Arrangementet er verkeleg med å sette Ulsteinvik og Sunnmøre på kartet. Deltakarane har med seg trenarar, lagleiarar og heiagjeng frå heile landet, så stemnet har store ringverknader i regionen. All overnattingskapasitet på søre Sunnmøre er stort sett booka. Ikkje berre er hotella fulle, men også Sunnmøre folkehøgskule, Kjeldsund Ungdomssenter, Flø Feriesenter har tatt imot klubbar, i tillegg til flatsenger på Ulstein vidaregåande skule og privat utleige som AirBnB. Det blir også ei god helg for service og handel, med shuttlebussar som går mellom hallen og sentrum.

 

Frivillig mobilisering

Eit så stort arrangement krev eit stort og godt apparat. Klubben mobiliserer i overkant av 200 frivillige i dagane før og under UM til alt frå rigging og klargjering av hallen, til korgberarar, vakter, kiosk og dommarar under sjølve stemnet. «Vi er utruleg heldige og har tidlegare aktive, foreldre og bygdafolk som stiller opp lenge etter at eigne born har slutta i klubben», seier leiar i UM-komiteen Trond Berg.

 

Ny sponsormodell

Nokre frivillige kjem også frå andre klubbar og Dimna IL ynskjer å bruke arrangementet til å bygge friidrettsmiljøet i heile fylket. Ein har derfor utfordra bedrifter til å sponse arrangementet mot at ein del av midlane går til deira lokale friidrettsklubb. Cinderella Eco Group, Brunvoll, Rem Offshore, Libra, Ulstein Betongindustri og Dimna Maskin har dermed bidratt til økonomiske tilskot til Midsund IL, Molde Olymp, Bergsøy IL, Hareid IL og arrangørklubben i tillegg til å bidra til arrangementet. «Dette er i tråd med Dimna IL sin strategi om å bidra til eit sterkt friidrettsmiljø i fylket», seier styreleiar Kjersti Kleven. «Friidretten i Møre og Romsdal er i vekst og det er ein viktig inspirasjon for heile miljøet at vi får nasjonale arrangement til regionen».

I tillegg har UM fått avgjerande støtta frå klubben sin hovudsponsor Sparebanken Møre og klubbsponsor Jets, samt kulturmidlar frå Møre og Romsdal Fylkeskommune.

 

Jubileum

Arrangørklubben Dimna hadde i desember 50 års jubileum og UM er ein del av feiringa. Men det er også 10 år sidan Ulsteinhallen stod ferdig og gjorde slike arrangement mogleg. UM var også den store elddåpen for hallen og klubben på nyåret 2015. Årets UM er det femte nasjonale stemnet på desse åra, i tillegg til Karsten Warholm Invitational, i samarbeid med Team Warholm. Sportsleg leiar i Dimna IL, Arve Hatløy, seier det slik: «Ulsteinhallen har blitt eit kraftsenter for friidretten i Møre og Romsdal. Det er eit godt samarbeid mellom kretsen, klubben og idrettslinja ved Ulstein vidaregåande skule som tener alle partar svært godt. På denne måten får vi også ein nasjonal posisjon.»

 

Mediasamarbeid med Høgskulen i Volda

UM blir direktesendt via streaming. For å kunne gjennomføre ein så omfattande tv-produksjon, har klubben alliert seg med mediastudentar ved Høgskulen i Volda. Studentane får ei unik trening i å produsere direktesendt tv, både bak og framfor kamera. Høgskulen i Volda skal også assistere NRK under ski-VM i Trondheim i februar, så UM blir ei perfekt oppvarming for studentane.

 

 

Vil du vite meir om noko av dette eller andre ting knytt til UM, så ta kontakt med ein av oss:

Trond Berg, leiar av UM-komiteen: 916 98 807 – trond.oskar.berg@gmail.com

Arve Hatløy, stemneleiar UM: 414 76 148 – hatloy@hotmail.com

Kjersti Kleven, leiar Dimna IL: 918 47 092 – kjersti@klevenco.com