Debut på juniorlandslaget under den Nordiske juniorlandskampen i Finland

Sigve Holten (Surnadal IL) var ein av dei tre ifrå kretsen som representerte Norge under den Nordiske juniorlandskampen i Finland.

Debut på juniorlandslaget under den Nordiske juniorlandskampen i Finland

04. og 05.juli var det Nordisk juniorlandskamp i Vaasa i Finland. Der var det tre stk. frå kretsen som var teken ut til å konkurrere med norske flagget på brøstet.

08. juli 2026

anita.almestadkristiansen@friidrett.no

Her finner de oversikt over uttaket:

Uttak Nordisk juniorlandskamp, Vaasa, Finland 4. og 5. juli 2026:

Runar Soriano Ervik, Dimna IL var teken ut til å springe 400m og 4x400m stafett. Han løp inn til 6.plass på 400m med tida 50,53. Han løp også ei god etappe på Norge sitt lag på 4x400m stafett. 

Sigve Holten, Surnadal IL var teken ut i kule. Han fekk opp eit kulestøt på 14,61m som holdt til ein fin 7.plass. Dette er 13cm bak pers. Han seier sjølv at han er fornøgd med å vise at han er stabil med gode støt, men at han håper å nå over 15meter iløpet av sessongen. 

Thanida Promwang Ingebrigtsen, Straumsnes IL var tatt ut til å representere Norge i spyd. Ho fekk opp eit godt kast på 37,31m, og hadde mange kast rundt 37meteren. Ho seier sjølv at ho er godt fornøgd, men alltid kjekt å kunne kaste lenger. 

Kretsen gratulerer og ønsker dere lykke til vidare med sessongen!