Ørsta stadion ein flott haustdag i 2025
29 deltakarar på Romjulsspretten
Det var rekordstor deltaking på Romjulsspretten i Ørstahallen 30. desember. Utøvarar i alderen 8-75 år konkurrerte i lengde utan tilløp, høgde utan tilløp, kule og også den noko utradisjonelle øvinga tresteg utan tilløp.
05. januar 2026
anita.almestadkristiansen@friidrett.noDet var størst deltaking i aldersgruppene 9-12 år, men også god deltaking frå veteranar. Mange utøvarar sette nye personlege rekordar på årets nest siste dag. Det var og godt frammøte frå eit entusiastisk publikum som gjorde ein god jobb med å heie på utøvarane.
Resultater finner du her: Resultatliste - Romjulsspretten 2025.pdf