
Maren Hjelmeseth Kirkeeide og Marius Vedvik vann kvinne- og herreklassa under 1. mailøpet på Åheim. (foto Ole Magne Kvalsvik)
1. mai løpet Åheim
Det tradisjonelle terrengløpet, som i år vart arrangert for 63. gong, samla heile 199 deltakarar. Av dei stilte 58 på startstrek i det rekordstore feltet i senior, junior og veteran, som er ny rekord for løpet.
08. mai 2025
Bente.Krakeli@friidrett.noI dei våte og tunge løypene kom Vedvik i mål på tida 9.59, godt over eitt minutt føre Ingebrikt Nes Hjelle frå Eid. Veteranen Kristian Nedregård, med fjorten sigrar i løpet, var med og kniva om andreplass, men gjekk under dei glatte forholda overende om lag 250 meter før mål. Sjølv med ikkje dei beste løpsforholda gav Vedvik mykje ros til løpet, og gav utrykk for å ha lyst å kome attende med betre vêr og tørrare underlag og prøve seg på Nedregård si sterke bestetid frå 2008 på 9,32 i ei kanskje litt lettare løype.
I dameklassa var heller ikkje Hjelmeseth Kirkeeide sin siger særleg trua, men ho fekk bra konkurranse av Andrea Vedvik frå Eid. Heile atten kvinner stilte også til start i seniorfeltet, noko som gir ein god kvinneprosent.
I dei yngre klassane fekk vi mange flotte duellar. Og sjølv om det særleg for dei minste på slutten vart temmeleg vått, var smilet og løpsgleda på plass. Vi merkjer oss mellom anna at Haugen IL i Nordfjord er ganske aktive på løpssida for tida. Dei stilte med heile 31 deltakarar, som er nest mest, etter arrangørklubben sine 34, og tok sju klassesigrar i klassane på tid. Også Stadlandet IL stilte med sytten deltakarar.
Her finner dere resultatliste og flere bilder; Åheim Idrettslag
(foto og tekst; Ole Magne Kvalsvik)