Premievinnarar samanlagt i Ildne motbakkecup 2015 under avslutninga på Førde Opp.
Søkjer arrangørar til Norgescup
NFIF søkjer arrangørar til årets Norgescup i motbakkeløp. Cupen vert lagt inn i eksisterande arrangement i motbakke.
02. februar 2016
narve.heggheimNorgescupen har årleg bestått av 6 løp der NM inngår som eit av løpa. Som tidlegare år blir løp i Norgescupen før uttaksfrist brukt som hovedgrunnlag for uttak til internasjonale meisterskap sesongen 2016.
Alle medlemslag tilslutta Norges Friidrettsforbund kan søkje og søknadsfrist er sett til 15. februar.
Dei norske motbakkeløparane leverte ein veldig sterk sesong med to gull og ein sølvmedalje i EM sist sommar. Vi reknar med desse og mange fleire toppløparar står på startstreken også i årets motbakkecup.
Utlysingstekst med kontaktinformasjon for cupen finn du her.