Minneord Einar Vevatne

Einar Vevatne - foto: Midtsiden

Minneord Einar Vevatne

Minneord om Einar Vevatne som brått gjekk bort 3. januar d.å. Av: Helge Brekke

28. januar 2025

Eddie.Ebbesvik@friidrett.no
Share on XShare on FacebookShare on LinkedInShare via Email

Det er med stort vemod og ettertanke eg skriv desse minneorda.

På vegne av Hordaland Friidrettskrets og meg sjølv, vil me takka og heidra han Einar.  Einar Vevatne gjorde ein stor innsats for friidretten både lokalt og på kretsplan.

Min første tanke då eg fekk melding om at han hadde gått bort, var «No har Hordaland Friidrettskrets mista ein stor fagperson innan rehabilitering og bygging av friidrettsanlegg».

Til ettertanke – Det er berre 2 månader sidan han Einar og eg var saman på eit arrangement på Austevoll. Der var Einar i godt humør og snakka like ivrig om friidrettsanlegg som vanleg. Etter mi erfaring som tidlegare styreleiar i Hordaland Friidrettskrets og i Anleggsutvalet i kretsen (totalt ni år), blir det vanskeleg å finna ein så ivrig og dyktig person innan friidrettanlegg.  Fylgjande historie vil understreka dette: På eit kretsting var det stor debatt om idrettsanlegg. Einar engasjerte seg som vanleg sterkt i debatten.

To dagar ettter møtet ringde ei dame til meg, direkte sitat: «Det er blitt meg fortalt at ein som heiter Vevatne har så stor kunnskap og innsikt om idretttsanlegg – kan du fortelja meg kor han har fått denne kunnskapen frå?»

Detter talar for seg!

Mange stader som har arbeidt med rehabilitering og nye anlegg, har mykje å takka han Einar for.

Austevoll er ein av dei stader som fekk stor nytte av kunnskapen hans.

Det kjem tydeleg fram i eit brev Svein Harald Haukanes frå Austevoll sende til meg i samband med gravferda:

«Me her i Austevoll er svært takksame for den innsatsen Einar la ned under rehabiliteringa av friidrettsbana her i Austevoll. Einar satt inne med ei fagleg kompetanse utanom det vanlege, som vi fekk nyta godt av. Einar var først med som medlem av Anleggsutvalet. Då han slutta der, heldt han fram som privatperson til anlegget var ferdig.

Tusen takk Einar for ein fantastisk jobb, fint samarbeid og godt kameratskap.  Eg vil og få lov å takka familien som lot han bruka så mykje tid her med oss.

Fred over Einar sitt minne.»

Helsing Svein Harald Haukanes

 

Dette er ein flott attest.

Her vil eg leggja til:

På Austevoll lytta dei til han Einar – det gjorde dei ikkje alle stader, og det kosta dei dyrt.

Einar utløyste også den store debatten om granulat på kunstgrasbaner.

Han var langt foran si tid med sine synspunkt når det galdt skadevirkningane av granulatbruk på kunstgrasbaner.  Det kravde mot til å tak i eit slikt stort problem.

Men det er ikkje å leggja skjul på at han Einar kunne «trakka folk på tærne» i sin argumentasjon – han kunne vere hard i ordbruk og drøftingar.  Dette tok eg opp med han – at det ikkje alltid var lurt å vere så direkte i ordbruken. Me kom fram til at dersom han var for hard i debatten, skulle eg spenna han på skinnleggen. Ein gong etter tredje sparket, kviskra han: «Eg skal lyda».

Som avslutning vil eg sei at han var eit funn å ha med i Anleggsutvalet i Hordaland Friidrettskrets.

Me vil alltid hugsa hans høge kompetanse i anleggssaker.

  • Iveren hans
  • I avstemming i saker, var det alltid til saka sitt beste og ikkje det som var lurast for han sjølv.
  • Ein som kjende han godt sa det slik: «Einar let seg ikkje kjøpa med pengar»

Me som fekk arbeide med han, hugsar han med respekt og takksemd!

Fred over Einar sitt minne!

Helsing

Hordaland Friidrettskrets v/Peer Jarnung og Helge Brekke