Klart for motbakkecup

Molden Opp er årets NM arrangør og løpet inngår i Norgescupen                                           Foto: Molden Opp

Klart for motbakkecup

Motbakkeløpsutvalget har valgt ut arrangementa som inngår i Norgescupen i motbakkeløp 2016

11. mars 2016

narve.heggheim

Det var som tidlegare år mange og gode søkjarar til å bli arrangør av Norgescupen. Utvalget valgde ut fem arrangement der NM inngår som eit av dei. Som tidlegare år  er det angitt i "krav  og kriterier" at løpa i Norgescupen tel som grunnlag for uttak til internasjonale mesterskap i motbakke kommande sesong. 

For poengberekninga i cupen tel i år alle løp med og her er som før klassar for senior og junior i cupen. Premiering er som i 2015 og fullstendig info vert lagt ut på motbakkecup.no.

Det kjem nye nettsider for cupen og desse er desverre ikkje klar enda, men er forventa ferdige kring påske og vil bli oppdatert snarast etter det.

Førgjande løp inngår i Norgescupen i 2016: 

11.jun

Gullfjellet Opp

IL Fri

18.jun

Molden Opp/NM

IL Bjørn

10.jul

Hestanipen Opp

Vindafjord IL

16.jul

Kvasshovden Opp

Ulvik IL

06.aug

Saudehornet rett opp

Ørsta IL

Fjorårets motbakkeløpssesong gav fleire arrangørar utfordringar på grunn av enorme snømengder i fjellet og låg snøsmelting. Vinteren i år er meir normal så det ligg an til ein flott seseong for motbakkeløp igjen.