Treningsstemne Spyd

Arrangør Ørsta IL friidrett stadfestar at stevnet vil bli gjennomført i henhold til gjeldande smittevernreglar og anbefalingar, og gjeldande retningslinjer frå NFIF for arrangering av stemne (sjå friidrett.no for reglar).

Alle som deltek skal ha sett seg inn i reglane før stemnestart, og skal følge reglane under stemnet. Arrangementsansvarlig følger retningsliner og reglar frå forbund. Arrangementsansvarlig er Olve Øyehaug, tlf 986 00 148.

Arrangør må avgrense tal på deltakarar til maks 10 stk for å ha kapasiet til å gjennomføre stemnet i tråd med gjeldande smittevernsreglar.

All påmelding må vere gjort dagen før stemnet. Det vert ikkje opna for etterpåmelding på arrangementsdagen. Det er ikkje deltakaravgift på stemnet.

Vi oppmodar alle utøvarane om å ta med og å bruke kun eige spyd.

Invitasjon vert publisert på www.orstail.no/friidrett