Modum_Logo.bmp

Veteran-NM Utandørs 21.-23.juni

Nytt NM på Furumo ventar..

Innandørssesongen er over og vi flyttar ut.  Aktivitetstilbuda står i kø, og det er berre å starte planlegginga av utandørssesongen.

Sommarens viktigaste stemne for veteranane her innanlands er NM på bane.  I år er vi så heldig å ha fått ein erfaren og kjent arrangør for dette stemnet, nemleg Modum FIK.  Som ein hugsar var vi her også i 2016, med Furumo Stadion som ein flott arena.  Vi hugsar ei kjekk helg i strålande ver og eit godt gjennomført arrangement i regi av Modum FIK.  

Arrangøren er godt i gong med førebuingane til årets meisterskap og her følgjer viktig informasjon:

Invitasjonen til stemnet finn du her: NM Veteran 2019 Invitasjon (003).pdf 

Arrangørens si heimeside:  www.modumfik.no

Påmeldingsfrist er 11.juni og du melder deg på via MinIdrett eller Sportsadmin.