NM i motbakkeløp gjekk i Ulvik innlagt i det tradisjonsrike Kvasshovden Opp der også årets Norgescup vart avslutta
Under strålande verforhold vart Norsk Motbakkecup & Norgesmeisterskapen 2017 avvikla i Kvasshovden Opp i Ulvik lørdag.
NM-vinnarar vart evigunge May Britt Buer, IL Gular i kvinneklassen og comeback-kid Johan Bugge, IL Eidsvåg i herreklassen. Begge gjorde gode løp, sistnemnde eit kjempeløp, der han knuste konkurrentane og løyperekorden med god margin.
Norsk Motbakkecup 2017 vart vunnen av Eli Anne Dvergsdal, IL Gular i kvinneklassen, medan Christina Ellefsen Hopland, Varegg Fleridrett vann juniorklassen.
I herreklassen vann Stian Øvergaard Aarvik, IL Gneist både senior og juniorklassen.Vinnarane av Motbakkecupen har vore jamnast og best over fleire løp i årets cup der desse løpa har inngått: Grefsenkollen Opp, Hovlandsnuten Opp, Gullfjellet Opp, Svinestranda Opp og Kvasshovden Opp.
For å få premiar må utøvarane ha delteke i minimum tre løp, og vinnarane vart heidra med blomar og prissjekkar utdelt av Torun Øvergaard Aarvik og Jostein Hatteberg frå Motbakkeløpsutvalet i Norsk Friidrett under premiesermonien.
Desse vart på topp tre i årets motbakkecup:
Kvinner senior:
|
Namn |
Klubb |
Total |
1 |
Eli Anne Dvergsdal |
IL Gular |
425 |
2 |
Antia Iversen Lilleskare |
BFG Bergen Løpeklubb |
405 |
3 |
Karoline Holsen Kyte |
Førde IL-friidrett |
400 |
Kvinner junior:
|
Namn |
Klubb |
Total |
1 |
Christina Ellefsen Hopland |
Varegg Fleridrett |
321 |
2 |
Julie Marie Larsen |
Sarpsborg IL |
305 |
Menn senior:
|
Namn |
Klubb |
Total |
1 |
Stian Øvergaard Aarvik |
IL Gneist |
465 |
2 |
Erling Hisdal |
IL Tjalve |
380 |
3 |
Ketil Monssen |
BFG Bergen Løpeklubb |
345 |
Menn junior:
1 |
Stian Øvergaard Aarvik |
IL Gneist |
465 |
2 |
Aleksander De Lange Claussen |
Jutul IL |
227 |
3 |
Daniel May Instanes |
Varegg Fleridrett |
205 |
NM & NC-avslutninga vart for øvrig prikkfritt gjennomført av IL Ulvik.
Resultat frå NM og Kvasshovden Opp finn du på arrangementet sine nettsider.