ROE NM.jpg
En litt småskadet Martin Roe stiller likevel til start i helgens mangekamp-NM på hans hjemmebane. Foto: Eirik Førde.

Drøyt 60 mangekjempere i NM og UM i mangekamp

Friidrettsgruppa i IL Fri står kommende helg som arrangør av NM og UM i mangekamp på Arna idrettspark i Indre Arna i bydelen Arna i Bergen. Også i 2012 gjekk denne meisterskapen av stabelen på same arena. I alt 62 mangekjemparar møtest til dyst fordelt på ungdomsklassane 15, 16 og 17 år, pluss junior, senior og klassane for veteranar.

Deltakartalet er vi som arrangør veldig godt nøgd med, der jenter 15 markerer seg som den mest populære klassen med heile 10 utøvarar.

IL Fri sin største profil, Martin Roe, stiller til start i 10-kampen for senior, men ein skade for eit par veker sidan gjer at han ikkje kan gå for full maskin i alle øvingane.
Visst vi kan kalle det Martin-effekten, så har han fått tre av sine treningskameratar (ein er ny innmeldt i Fri og dei andre to representerer Samnanger IL) til å debutere i 10-kamp.
Elles vert det spennande å se kva Toralv Opsal frå Dimna IL kan prestere. Han er ein av dei mange internasjonale ungdomstoppane i norsk friidrett. Forøvrig er det Dimna IL og Sturla IF som har meldt på flest deltakarar, begge klubbane med fem kvar.

For å kunne avvikle NM og UM mangekamp har IL Fri rundt 50 funksjonærar og dommarar i sving begge dagane. Arrangementskomiteen består av Ove Leon Låstad, Ingunn Gatland Jacobsen, Marit Austnes, Johnny Isaksen og Brit Ingrid Birketveit.
Så gler vi oss over at ordføraren i Bergen, Marte Mjøs Pedersen, kjem til åpningsseremonien på lørdag klokken11:00.

Kontaktpersonar NM og UM mangekamp:
Ove Leon Låstad, tlf. 992 72 130
Ingunn Gatland Jacobsen, tlf 416 52 358

Se også arrangørens hjemmeside.