kappgang.jpg
Utøverne samlet i forbindelse med samlingen på Søfteland.

Tyve unge på kappgangsamling

Frå fredag til søndag var tyve unge utøvarar i alderen 13-18 år frå i alt ti kretsar samla til kappgangsamling på Søfteland. Det er Søfteland TIL som arrangerer samlingane, med støtte frå Kappgangutvalget i NFIF.

Det har etter kvart blitt tradisjon med kappgangsamlingar på Søfteland. Dei beste og mest interesserte unge blir invitert til Nøtteliten barnehage, saman med trenarane sine. Å samla så mange til å bu saman i ein barnehage skapar eit spesielt miljø. På programmet står mykje trening, instruksjon og teknikkanalyse, dommarkurs, utveksling av treningserfaring og ikkje minst mykje triveleg sosialt samvær.
Kappgangentusiastar frå Søfteland legg ned mykje gratis dugnadsarbeid for å gjennomføra samlingane. Kappgangutvalet i NFIF støttar økonomisk, men deltakarane betalar det meste av samlinga sjølv gjennom ein eigenandel som er lik for alle deltakarane uansett kvar i landet dei kjem frå.
Trenarar og instruktørar denne gongen var årets norske mester Merete Helgheim saman med Mats Lundin, Nina Andersen, Erling Andersen og Arild Fotland.
Desse samlingane har vore svært viktig for utøvarar i overgangen frå Ungdomsleikane til junioralder. Her har ungdommane eit møtepunkt som dei ser fram til gjennom ein lang treningsperiode, ofte som einaste kappgangutøvar i klubben. Utan desse samlingane ville mest sannsynleg rekrutteringa til kappgangøvelsen vore så godt som fråværande. Alle dei fem kappgangutøvarane som er tekne ut til rekrutteringslandslaget for 2017 er eit resultat av desse samlingane. I stevnet lørdag vart det sett mange nye personlege rekordar, og fleire av resultata var sterke.
Det lyste innsatsvilje og treningsglede av ungdommen, og dei ville svært gjerne tilbake på ny samling til våren. Også arrangørane var svært fornøgde med samlinga, og ser optimistisk på framtida for kappgangøvelsen. Med god og allsidig trening framover er det mange av desse utøvarane som kan nå langt.
Til slutt ei oppfordring til klubbar og kretsar over heile landet. Allsidighet er viktig. Så la dei unge også få prøva kappgang, både på trening og i konkurranse. Dei unge syns øvelsen er tøff og gøy.