nfif-logo-705x405.jpg

Norge vil delta i motbakke-VM i Thailand

Etter at forbundets internasjonale satsings-arrangement i 2021, EM i motbakke den 3. juli i Cinfaes i Portugal, vart avlyst grunna Covid-19, så har Norges Friidrettsforbund og motbakkeløpsutvalet bestemt at dei vil satsa på å senda utøvarar til VM i motbakkeløping i Chiang Mai i Thailand fra 11. til 14. november.

Uttak til meisterskapet vil vera resultat frå tidlegare internasjonale meisterskap og resultat oppnådd i årets Norsk Motbakkecup (NC). 

Fyrste løpet i årets Norsk Motbakkecup er forøvrig Svinestranda Opp i Gloppen søndag 20. juni.
Deretter går det slag i slag med Kvasshovden Opp i Ulvik den 17. juli, Folgefonna Opp i Sunndal den 7. august, NM i Førde den 28. august og Rosendal NutenOpp den 5. september.

Norge satsar på å stilla med inntil ti utøvarar i Thailand. Lengre reise og opphald gjev også betydlege auka kostnader som friidrettsforbundet vil prøva å dekka inn, men dei som blir uttekne må likevel kanskje rekna med å betala ein viss eigenandel.