logo-motbakke-705x405.jpg

Norgescupløpa 2019 er klare

Norsk Motbakkecup er Norges Friidrettsforbunds offisielle norgescup i motbakkeløping. Dei utvalde løpa til neste års motbakkecup, inkludert NM, dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa.

- Tida går veldig raskt. Neste sesong står plutseleg for døra, og det har vore god konkurranse om å få arrangera løpa i 2019. Vi har hatt  fleire velkvalifiserte søkjarar å velja mellom, og vi er tilfreds med interessa, seier Jostein Hatteberg, leiar av Motbakkeløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund.

Mefjellet Opp er Norges Friidrettsforbunds offisielle norgesmeisterskap for junior, senior og veteraner i 2019. Dei fem løpa over i Norsk Motbakkecup er dei offisielle løpa i Norges Friidrettsforbunds «Norgescup (NC) - motbakkeløp 2019». 

dato

arrangement

arrangør

nettside

8. juni

Hovlandsnuten Opp

Sauda IL, Sauda, Rogaland

http://www.hovlandsnuten.no

22. juni

Mefjellet Opp (NM)

Valldal IL,Valldal
Møre og R

http://mefjelletopp.no

13. juli

Kvasshovden Opp

Ulvik IL, Ulvik, Hordaland

http://kvasshovdenopp.no/startside/

10. august

Folgefonna Opp

Uskedal IL, Sunndal, Hordaland

http://www.folgefonna-opp.no/

25. august

Tromsdalstinden Opp

Tromsdalen UIL, Tromsø, Troms

https://www.msm.no



Norgescupløpa dannar grunnlag for uttak til EM, og fire av dei fem løpa er teljande. Samanlagtvinnarane i Norsk motbakkecup vil konkurrera om ein premiepott på 80.000 kroner.

- Vi trur det kan verta mange spennande løp og duellar i neste års motbakkecup, og deltaking og resultat i Norsk motbakkecup vil danna grunnlaget for uttak til EM i motbakkeløp i Zermatt, Sveits den 7.  juli 2019, seier Hatteberg. Dette er nedfelt i toppidrettsutvalget sine "krav og kriteriar" for 2019. EM blir arrangert i Zermatt i  Sveits 7. juli, info på WMRA si nettside

At norske utøvarar har befesta sin posisjon mellom dei beste motbakkeløparane i verda i så vel World Cup løp, som EM og VM, m.a. med individuell 5.plass og bronse i lagkonkurransen for menn senior i VM i Andorra i 2018  gjer motbakkeløping ekstra attraktivt.