nfif-logo-705x405.jpg

NM og Norsk motbakkecup er utsatt til 2021

I eit styremøte i Norges Friidrettsforbund nyleg fatta styret, på bakgrunn av den pågåande koronapandemien, vedtak om utsetja årets NM motbakke og Norsk Motbakkecup til 2021 med dei samme arrangørane.

I det samme vedtaket vart det også bestemt å forskyva NM motbakke 2021 til 2022. Eit samstemt styre føler at dette var det einaste rette, og det som er mest rettferdig ovanfor arrangøran.
Vedtaket betyr at Førde IL vil arrangera NM i motbakke i 2021, og Sauda IL i 2022.
Når det gjeld uttaksløp til årets VM, som går seint (13. og 14. november) i Spania, vil forbundet koma tilbake til dette etter sommarferien, om det då blir VM sidan Spania er eit av dei hardast koronaramma landa i Europa.