logo-motbakke-705x405.jpg

Norsk Motbakkecup starter i Gloppen søndag

Grunna Covid 19 har Norges Friidrettsforbund og motbakkeløpsutvalet lenge vore usikre på om også årets Norsk Motbakkecup måtte avlysast slik fjorårets cup måtte. Med dei seinaste lettingar i restriksjonar frå myndighetene er det no bestemt at årets Norsk Motbakkecup blir arrangert.

Fyrste løpet går alt av stabelen fyrstkomande søndag. NC-løpa,som dannar grunnlag for uttak til VM i Thailand fra 11. til 14. november blir arrangert slik:

1) Svinestranda Opp i Gloppen søndag 20. juni. Påmeldingsfrist tirsdag 15. juni.
2) Kvasshovden Opp i Ulvik den 17. juli.
3) Folgefonna Opp i Sunndal den 7. august.
4) NM i Førde den 28. august.
5) Rosendal NutenOpp den 5. september. Se også www.fjellstreif.no