logo-motbakke-705x405.jpg

Norsk Motbakkecup 2020 søkjer arrangørar

Norges Friidrettsforbund vidarefører den tradisjonsrike Norgescupen i motbakkeløp og inviterer herved klubbar om å søkja om å bli med som arrangørar av Norsk Motbakkecup 2020.

Cupen består av fleire løp (sist sesong fem) gjennom heile sesongen der det vert samanlagtpremiering etter eit fastsett poengsystem.
Det blir pengepremiar etter samanlagtrangering etter alle løpa. Klassane i cupen er junior og senior for kvinner og menn.

Norgescuparrangementa inngår i etablerte eksisterande arrangement gjennom heile sesongen.
Motbakkeløpsutvalget vil vurdere konkurranseforholda utifrå arrangementets løypetrasè og løypelengde spesielt med tanke på at løp i Norsk Motbakkecup gjeld som grunnlag for uttak til internasjonale meisterskap i motbakkeløp.
I 2020 blir VM arrangert i landsbyen Haría på den spanske ferieøya Lanzarote, der fleire ulike distansar blir avvikla fra den 23. til 25. oktober.

PS: NM inngår automatisk som løp i Norsk Motbakkecup, og NM 2020 er tildelt Førde IL og Førde Opp laurdag 29. august.

Det er dermed dei øvrige løpa som skal tildelast norgescuparrangement i 2020 gjennom utlyst søknadsrunde.

Søknaden om tildeling av arrangement må innehalde:

Beskriving av løypetrase med hensyn til stigning, lengde og løpsunderlag.
Beskriving av arrangement i 2019 inkludert deltakartal.
Beskriving av arrangementserfaring.
Dato for løpet i 2020.
Overnattingskapasitet i nærområdet.
Påmelding og tidtakarsystem ein brukar.
Kontaktperson med kontaktinformasjon.
Eventuell link til arrangementet sine nettsider

Krav til arrangør:

Arrangørar som blir tildelt løp i Norsk Motbakkecup 2020 må signere avtale med Norges Friidrettsforbund, og må kunne bekrefte at ein kan profilere cupens sponsor.
Normalt er dette profilering av logo på reklamesegl på arrangementet, samt logo på nettsider, plakatar og andre trykksaker arrangementet har.
Det er òg ein forutsetning at arrangementet er i tråd med NFIF sitt regelverk, og kun klubbar tilslutta Norges Friidrettsforbund kan søkje om tildeling.
Arrangement som blir arrangert midt i veka blir normalt ikkje vurderte for tildeling.

Søknad:

Søknad og eventuelle spørsmål om Norsk Motbakkecup, Norges Friidrettsforbunds offisielle Norgescup, kan rettast til leiar i motbakkeløpsutvalet.

Søknadsfrist 15. desember 2019.

Kontaktinfo: Jostein Hatteberg (leiar i motbakkeløputvalet)
Telefon: 489 94 213 / 53 48 15 90