Tidtakerkurs

Alle som skal arrangere friidrettsstemner på bane må bruke elektronisk tidtaking for å få tidene i løpsøvingane godkjent i statistikken.

Mange stadion har eigne anlegg. Kretsen har også eit anlegg for utleige. Men det er ikkje så mange som kan å bruke desse anlegga. Vi har fått spørsmål frå klubbar om at dei kunne tenkt seg eit tidtakerkurs.

Vi prøver derfor å få til eit kurs i Ulsteinhallen i samband med Sparebanken Møre leikane 23. november. Det blir då eit kurs som består at litt teori og praksis.

Innhald:

  • Oppsett og innstilling av kamera
  • Nulltest
  • Kort om reglene for tidtaking
  • Integrasjon med Frires
  • Praktisk del både med og utan integrasjon med Frires

Tidspunkt: Om det passer for kursdeltakarane tar vi den teoretiske delen samt oppsett av kamera fredag 22.november kl 19-21. (Ev. 18-20 og det passer betre for deltakarane). Den praktiske delen blir under stemnet laurdag 23. frå kl 12.

Kursledere: Arve Hatløy og Stig Sæther

Påmelding til Møre og Romsdal Friidrettskrets: mrfriidrett@friidrett.no

Frist: 19. november 2019