Ingebrigtsen EM_Foto_ Eirik Forde.jpg
På årets høstmøte vil trenar og pappa Gjert Ingebrigtsen saman med ein av storløparane dele litt av  sine erfaringar og strategiar som ligg bak suksessen til Team Ingebrigten. Foto: Eirik Førde/NFIF

Bli med på årets høstmøte i NFIF

Med Team Ingebrigtsen som innleiarar inviterer Norges Friidrettsforbund til årets Høstmøte. Nytt i år er at Høstmøtet åpent for representantar frå alle klubbar i NFIF.

Etter ein fantastisk sesong for norsk friidrett som er prega av framgang er det tid for å sjå framover korleis Norsk Friidrett kan og skal utvikle seg vidare. Årets høstmøte har eit variert program med trenarutvikling og klubbfokus som ein raud tråd med forankring i vedtatt strategiplan for NFIF.

Med representantar frå dei som har hatt suksess over tid som innleiarar håpar vi å få eit godt engasjement for å jobbe vidare for å utvikle norsk friidrett. Vi håpar så mange som muleg fra klubbane vil bli med og komme med innspel til korleis vi best kan utvikle friidretten på dei ulike nivå vidare og bli inspirert av dei som har lykkast.

Høstmøtet vert arrangert på Quality Hotel 33 på Økern i Oslo laurdag 1. oktober med oppstart kl 09.00.
Vil du bli med på høstmøte meld deg på via elektronisk påmelding her.  I påmeldinga og utskriftsvennleg versjon av progammet finn du også info om betaling for dagpakke inkl. lunsj som den enkelte klubb/deltakar betaler på seminaret.

Vel møtt til årets høstmøte!

Utskriftsvenleg versjon av programmet.

Program: 

09.00-09.10

Åpning v/president Tore Hordnes

09.10-10.45

Team Ingebrigtsen

v/Gjert Ingebrigtsen+ utøvar frå familien.

-utviklingsstrategi og planlegging for å lykkast

-utfordringar ein har møtt underveis

-korleis jobbar ein framover.

-spørsmål og erfaringsutveksling

10.45-11.00

Pause

11.00-12.00

Veien mot 2020 – kvar er vi og kvar skal vi  i norsk friidrett? v/Anne Farseth

- Status kretsutvikling/strategi

- Nokre hovedutfordringar:

* rekruttere og behalde utøvarar

* trenarar – kor mange treng vi eigentleg, kvar finn vi dei  og korleis legge til rette?

12.00-13.00

Lunsj

13.00-13.10

Bør vi jobbe mot fleire lønna trenarar i friidrett?

Innleiing v/Tore Hordnes

13.10-13.45

Erfaringar frå Norges Svømmeforbund

v/generalsekretær Bjørn Soleng.

Norges Svømmeforbund har mange ansatte trenarar i klubb.

Korleis har dei løyst dette mht organisering og økonomi?

Kva effektar ser ein av å ha tilsette trenarar?

13.45-14.00

Pause

14.00-15.00

Fleire ansatte trenarar i friidrett?

v/Henrik Carstens

-erfaringsutveksling og gruppearbeid

15.05-15.45

Lover og reglar ved ansettelse av trenarar

v/ Thomas Kristensen

Lønn, honorar og godtgjerdsle i idrettslag inkl lovverk.

15.45-16.00

Avslutning v/president Tore Hordnes