MOTBAKKE_Stian Aarvik_målgang.jpg
Stian Øvergaard Årvik, Gneist vart vinnar av herreklassa i Norgescupen i 2017.

Norsk Motbakkecup 2018 søkjer arrangørar

Norges Friidrettsforbund vidarefører den tradisjonsrike Norgescupen i motbakkeløp og inviterer herved klubbar om å søkja om å bli med som arrangørar av Norgescupen i motbakkeløp 2018.

Cupen består av fleire løp (sist sesong 5) gjennom heile sesongen der det vert samanlagt-premiering etter fastsett poengsystem. Det blir pengepremiar etter samanlagtrangering etter alle løpa. Klassane i cupen er junior og seniorklasse for kvinner og menn.

Norgescuparrangementa inngår i etablerte eksisterande arrangement gjennom heile sesongen. Motbakkeløpsutvalget vil vurdere konkurranseforholda utifrå arrangementets løypetrasè og løypelengde spesielt med tanke på at løp i Norgescupen gjeld som grunnlag for uttak til internasjonale meisterskap i motbakkeløp i 2018.

PS: NM inngår automatisk som løp i Norgescupen, og NM 2018 er tildelt Treungen IL og Skuggenatten Opp laurdag 2. juni.

Det er dermed dei øvrige løpa som skal tildelast norgescuparrangement i 2018 gjennom utlyst søknadsrunde. Søknaden om tildeling av arrangement må innehalde:

• Beskriving av løypetrase mht. stigning, lengde og løpsunderlag.

• Beskriving av arrangement i 2017 inkl deltakartal.

• Beskriving av arrangementserfaring.

• Dato for løpet i 2018.

• Overnattingskapasitet i nærområdet.

• Påmelding og tidtakarsystem ein brukar.

• Kontaktperson med kontaktinformasjon.

• Eventuell link til arrangementet sine nettsider

Krav til arrangør:
Arrangørar som blir tildelt løp i norgescupen 2018 må signere avtale med Norges Friidrettsforbund og må kunne bekrefte at ein kan profilere sponsor for cupen. Normalt er dette profilering av logo/reklamesegl på arrangementet samt på web, plakat, andre trykksaker arrangementet har.

Sponsor ar for cupen krev ikkje bransjeeksklusivitet i arrangement som inngår i cupen. Dermed kan arrangøren ha eigne avtalar innan same bransje som sponsor for cupen og likevel søkje Norgescup.

Det er òg ein forutsetning at arrangementet er i tråd med NFIF sitt regelverk og kun klubbar tilslutta Norges Friidrettsforbund kan søkje om tildeling. Arrangement som blir arrangert midt i veka blir normalt ikkje vurderte for tildeling.

Søknad
Søknad og eventuelle spørsmål om Norges Friidrettsforbunds offisielle Norgescup, kan rettast til leiar i motbakkeløpsutvalet Jostein Hatteberg.

Søknadsfrist 10. desember

Kontaktinfo: Jostein Hatteberg (leiar i motbakkeløputvalet)

e-post: rosendal@folgefonn.net

Telefon: 53 48 15 90 / 489 94 213


Annan kontaktperson: Narve Heggheim 

e-post: narve.heggheim@friidrett.no

Telefon: 913 14 783