nm gull May Britt Buer png.png
May Britt Buer, Gular sikra suverent NM gull i Ulvik           Foto:(c)Lars Undeland/Kvasshoved Opp/Ulvik IL

Motbakkegull til May Britt Buer og Johan Bugge

NM i motbakkeløp gjekk i Ulvik innlagt i det tradisjonsrike Kvasshovden Opp der også årets Norgescup vart avslutta

Under strålande verforhold vart Norsk Motbakkecup & Norgesmeisterskapen 2017 avvikla i Kvasshovden Opp i Ulvik lørdag 

Suverene vinnarar i seniorklassen

NM-vinnarar vart evigunge May Britt Buer, IL Gular i kvinneklassen og comeback-kid Johan Bugge, IL Eidsvåg i herreklassen. Begge gjorde gode løp, sistnemnde eit kjempeløp, der han knuste konkurrentane og løyperekorden med god margin. 

Johan Bugge er sterkt tilbake i motbakkeløp og sikra både NM gull og ny løyperekord i Kvasshovden Opp. På andreplass følgde Stian Angermund Vik, Varegg (t.v)  og Joel Dyrhovden , Samnanger (t.h)  
Foto: (c)Lars Undeland/Kvasshovden Opp/Ulvik IL 

Avslutning av årets Norgescup

Norsk Motbakkecup 2017 vart vunnen av Eli Anne Dvergsdal, IL Gular i kvinneklassen, medan Christina Ellefsen Hopland, Varegg Fleridrett vann juniorklassen.

Eli Anne Dversdal, Gular  sikra samanlagtseier i Norgescupen føre Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen Løpeklubb (t.v)  med Karoline Holsen Kyti Førde IL (deltok ikkje siste runde)på tedjeplass.          
Foto:(c)Lars Undeland/Kvasshovden  Opp/Ulvik IL 

I herreklassen vann Stian Øvergaard Aarvik, IL Gneist både senior og juniorklassen.Vinnarane av Motbakkecupen har vore jamnast og best over fleire løp i årets cup der desse løpa har inngått: Grefsenkollen Opp, Hovlandsnuten Opp, Gullfjellet Opp, Svinestranda Opp og Kvasshovden Opp. 

Stian Øvergaard Aarvik, Gneist sikra seier både i junior og seniorklassen i Norgescupen. På plassane bak i senior følgde Erling Hisdal, Tjalve og Kjetil Monssen , BFG Bergen Løpeklubb. 
Foto:(c)Lars Undeland/Kvasshovden  Opp/Ulvik IL 

 

Stian Øvergaard Aarvik, Gneist vart vinnar av juniorcupen føre Aleksander De Lange Claussen. IL Jutul (t.v) og Daniel May Instanes, Varegg (t.h) på tredjeplass. Foto:(c)Lars Undeland/Kvasshovden  Opp/Ulvik IL 

For å få premiar må utøvarane ha delteke i minimum tre løp, og vinnarane vart heidra med blomar og prissjekkar utdelt av Torun Øvergaard Aarvik og Jostein Hatteberg frå Motbakkeløpsutvalet i Norsk Friidrett under premiesermonien.

 

Desse vart på topp tre i årets motbakkecup: 

Kvinner senior:

 

Namn

Klubb

Total

1

Eli Anne Dvergsdal

IL Gular

425

2

Antia Iversen Lilleskare

BFG Bergen Løpeklubb

405

3

Karoline Holsen Kyte

Førde IL-friidrett

400

Kvinner junior:

 

Namn

Klubb

Total

1

Christina Ellefsen Hopland

Varegg Fleridrett

321

2

Julie Marie Larsen

Sarpsborg IL

305

Menn senior:

 

Namn

Klubb

Total

1

Stian Øvergaard Aarvik

IL Gneist

465

2

Erling Hisdal

IL Tjalve

380

3

Ketil Monssen

BFG Bergen Løpeklubb

345

Menn junior:

1

Stian Øvergaard Aarvik

IL Gneist

465

2

Aleksander De Lange Claussen

Jutul IL

227

3

Daniel May Instanes

Varegg Fleridrett

205

 NM & NC-avslutninga vart for øvrig prikkfritt gjennomført av IL Ulvik. 

Resultat frå NM og Kvasshovden Opp finn du på arrangementet sine nettsider.