logo motbakke 705x405.jpg

Dette er løpene i Norsk motbakkecup 2018

Norsk motbakkecup er Norges Friidrettsforbunds offisielle norgescup i motbakkeløping. Dei utvalgte løpa til neste års motbakkecup, inkludert NM, dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa.

- Tida går veldig raskt. Neste sesong står plutseleg for døra, og det har vore hard konkurranse om å få arrangera løpa i 2018.
- Vi har hatt  mange velkvalifiserte søkjarar å velja mellom, og vi er svært tilfreds med interessa, seier Jostein Hatteberg, leiar av Motbakkeløpsutvalet i Norges Friidrettsforbund.

Desse løpa inngår i cupen:

1. Løvstakken Opp 12. mai
Arrangør: BFG Bergen Løpeklubb, Bergen, Hordaland
Nettside

2. Skuggenatten Opp (Norsk meisterskap) 2. juni
Arrangør: Treungen IL, Treungen, Telemark
Nettside

3. Hovlandsnuten Opp 9. juni
Arrangør: Sauda IL, Sauda, Rogaland
Nettside

4. Saudehornet Rett Opp 4. august
Arrangør: Ørsta IL, Ørsta, Møre og Romsdal
Nettside

5. Fanaråken Opp 11. august
Arrangør: IL Fanaråk, Turtagrø, Sogn og Fjordane
Nettside

VM arrangeres i Canilla i Andorra 15. september.
WMRA sin nettside

Skuggenatten Opp er Norges Friidrettsforbunds offisielle norgesmeisterskap for junior, senior og veteraner i 2018.

Dei fem løpa over i Norsk motbakkecup er dei offisielle løpa i Norges Friidrettsforbunds «Norgescup (NC) - motbakkeløp 2018».

Norgescupløpa dannar grunnlag for uttak til VM, og fire av dei fem løpa er teljande.

Samanlagtvinnarane i Norsk motbakkecup vil konkurrera om ein premiepott på 80.000 kroner.

- Vi trur det kan verta mange spennande løp og duellar i neste års motbakkecup, og deltaking og resultat i Norsk motbakkecup vil danna grunnlaget for uttak til VM i motbakkeløp i Canillo, Andorra den 15. september 2018, sier Hatteberg.

Dette er nedfelt i toppidrettsutvalget sine "krav og kriteriar" for 2018: https://www.friidrett.no/toppidrett/krav-og-kriterier/krav-og-kriterier-oversikt-2018/

At norske utøvarar har befesta sin posisjon mellom dei beste motbakkeløparane i verda i så vel World Cup løp, som EM og VM gjer motbakkeløping ekstra attraktivt.