nm2017_start.png

Vel blåst AKS-77!

Veteran-NM i Knarvik er vel i hamn!

Det er over ei veke sidan vi kunne runde av Veteran-NM 2017 i Knarvik.  Og for å ta det med ein gong: Dette vart eit godt arrangement!  Vi opplevde eit solid meisterskap der stemne-gjennomføring, funksjonærteneste og fasilitetar på og rundt stadion var av beste klasse!  

Som det var sagt under åpninga:  Det er ikkje akkurat kø for å arrangere desse meisterskapa, så når FIL AKS-77 tok dette på seg etter kort betenkningstid, var dette veldig kjekt for oss alle.   Frå vi møtte fredag ettermiddag til vi runda av søndag, opplevde vi ein arrangør som hadde god kontroll og oversikt.  Dyktige funksjonærar på alle posisjonar, samt ein speaker som hadde "driven" som må til for å halde farten på stemnet, var kjekt å observere.

At vergudane ikkje var på arrangøren si side fredag og søndag, kan vi alle skrive under på.  Og spesielt søndagen kjem for mange av oss til å bli hugsa som den reinaste "syndefloden".    Men, stemnet vart gjennomført, og alle bør ha tørka oppatt no.

Takk for eit flott stemne og takk for at vi fekk komme!