Som ei prøveordning vert det i 2018 kretslag på stafettane under veteran-NM
Deltakinga på stafettane under veteran-NM, både ute og inne, har vore heller svak. Veteranutvalet har diskutert ulike måtar å få opp interessa. Som ei prøveordning vert det under NM i Grimstad og Stjørdal åpna for å stille kretslag på stafettane. Det er sjølvsagt muleg å stille fleire lag frå same krets, og det er muleg at eit kretslag kan bestå av løparar frå same klubb. Arrangøren melder at dei tek i mot påmeldingar heilt til og med lørdag!
Så her er det berre å starte sondèring med naboklubbane for å finne topplaget!
Minner igjen om påmeldingsfristen til NM i Grimstad som er 28.februar. Påmelding via Min Idrett eller som her via Sportsadmin Under påmelding søk på "NM veteran"