NesArena2.png
Nes Arèna

NM Innandørs

Innandørs-NM for veteranar blir utsett...

I samarbeid med arrangørklubbane har Veteranutvalet vedtatt å utsette årets innandørs-NM.  Som kjent var dette meisterskapet planlagt arrangert 6.-7. mars i Nes Arèna.  Men, med dei reglar som no gjeld rundt Covid-19, er det ikkje muleg å få dette gjennomført på ein forsvarleg måte.  Oddsen for at det i nær framtid vil bli ei radikal endring til det positive, er dårleg. 

Fleire alternativ er vurdert, også å avlyse.  Men vi har valgt å gå for ei utsetting, og det ei lang utsetting:

Meisterskapet blir flytta til hausten, nærmare bestemt i månadsskiftet oktober/november!   Nærmare informasjon vil komme etter sommarferien.