Leikvanghallen.png
Leikvanghallen

NM Innandørs

Innandørs-NM for veteranar er igjen tilbake på Vestlandet!

Då kan vi med glede melde at vi har arrangør til neste års innandørs-NM for veteranar:

Som i 2012 og 2015 er det Leikvanghallen nord for Bergen som blir arèna.  Dato er 29.februar og 1. mars.  

Med AKS-77 i spissen er dette eit samarbeid mellom dei, IL Fri, Osterøy IL og Os Turn.  Med denne gjengen har vi ein erfaren og solid arrangør!  

Vi ser fram til det, som for dei fleste, er sesongåpninga av 2020-sesongen!

Elles vil ny terminliste for 2020-sesongen snart bli lagt ut på nettet.