Førde_Stadion1.png
Førde Stadion

NM 2021

Siste nytt om veteran-NM neste år.

Som kjent hadde Førde planlagt å arrangere NM Veteran utandørs i 2020.  Men på grunn av den usikre situasjonen som var i vår, vart det bestemt å avlyse meisterskapet.  Arrangørane har sidan då vore i "tenkeboksen", og dei var litt usikre på om dei ville ta meisterskapet i 2021.  Det har også vore ein del avklaringar, mellom anna mot anleggseigar (Kommunen), som måtte gjerast, men no er alt dette på plass. 

Det er difor ei glede å annonsere at NM Veteran vil bli arrangert i Førde 25.-27. juni 2021!

Når det gjeld innandørs-NM ser det lovande ut med omsyn til arrangør og stad.  Nokre formelle ting må på plass før vi kan publisere dette. 

Så må håpe og tru at situasjonen rundt dette med Covid19 ikkje utviklar seg i feil retning.