Aarhus_Logo.png
Du tenker deg vel til Århus?

EM Århus - Informasjon

Mange har planar om å delta på EM i Århus.  Her er litt nyttig informasjon

Det er under 4 veker igjen til påmeldingsfristen går ut.  Dato er 18.juni!  Du melder deg sjølv på via arrangøren si side.  Hugs å ver ute i god tid!  

Dersom det er nokon som treng å kjøpe (norske) drakter kan ein kontakte Grete Rivenes.  Epost: lbrive@online.no eller telefon 47413510.   Der er altså sånn at utøvarane må ha norsk konkurranse-tøy for å kunne starte i meisterskapet.

Her er direkte link til EM si heimeside:  http://www.emacs2017.com/