Nasjonale meisterskap til fylket?

14.10.2011

Sommarens COOP-NM på Byrkjelo vart ein suksess. No er det på tide å søkje om fleire slike opplevingar. Meisterskapa for 2013 og 2014 skal tildelast. 

Bli med på kompetansehelga!

14.10.2011

Norsk Friidrett inviterer til kompetansehelg i Trondheim. Her er veldig mange ulike tilbod om kompetanse, så her er berre å hive seg rundt å bli med.

Trenar 2 kurs startar opp

14.10.2011

Norsk Friidrett har utlyst trenar 2 kurs. Dette er eit felles kurs for heile landet og behovet for trenarar med høg kompetanse er stort.

Tidsskjema for DM er klart

17.09.2011

Tidsskjema for søndagens DM for Sunnfjord og Nordfjord på Byrkjelo er klart.

Ingvill Måkestad Bowim til Sogndal

16.09.2011

VM-dronninga Ingvill Måkestad Bowim kjem til den årlege stimuleringssamlinga i Sogndal. Her er ho foredragshaldar på idrett og kosthald.

Sjå Øyvind sitt rekordløp

12.09.2011

Øyvind S Kjerpeset leverte eit kanonløp på 400m hekk i Zurich. Løpet vart sjølvsagt filma av Trond Knaplund.

Felles DM for Sunnfjord og Nordfjord

12.09.2011

Det blir i år felles DM for Sunnfjord og Nordfjord på Byrkjelo. Stevnet går søndag 18. september. Her er også rekruttklassar innlagt i arrangementet.

Øyvind tok over trona på langhekken

09.09.2011

Øyvind Strømmen Kjerpeset (20), Florø T&IF sette torsdag kveld ny senior krinsrekord på 400m hekk under stevne i Zurich.

Øyvind S Kjerpeset deltek i Zurich

08.09.2011

Sesongen er på hell men Øyvind Strømmen Kjerpeset, Florø T&IF deltek på storstevne i Zurich torsdag kveld.

NCC- leikane på Osterøy vart TOPP!

07.09.2011

Utøvarane frå fylket stod for "best ever" i NCC-leikane si historie på Osterøy. Det heldt til ein 2.plass i lagkonkurransen ikkje langt bak Hordaland

Gull og bronse i nordisk

07.09.2011

Utøvarane frå fylket henta heim to medaljer i nordisk juniormeisterskap i København.

Klart for Løpskarusell igjen

06.09.2011

Den tradisjonsrike løpskarusellen for Sunnfjord og Ytre Sogn er no lagt inn i terminlista og går omtrent som tidlegare år og denne gangen med 5 runder.

NCC-laget til Osterøy

31.08.2011

Årets NCC-leikar går på Osterøy kommande helg og troppen til Sogn og Fjordane er no klar. Det samme er tidsskjema og deltakarlister.

15 medaljer i årets UM

28.08.2011

Sogn og Fjordane hadde ein relativt liten tropp i årets UM, men markerte seg godt. 15 medaljer og bestemannspremie er status etter helga.

5 UM gull fredag og laurdag

28.08.2011

Etter to dagar med UM i Fredrikstad har utøvarane frå fylket hausta mange medaljer i eit regnvått meisterskap.

 

Norsk Friidrett - Ullevål Stadion, 0840 Oslo - Tlf 21 02 90 00 - Kontakt oss